English

Nesahamran

Gjemnes

Kort om turen

Lettgått tur som tek deg opp til flott utsikt over Angvika og Tingvollfjorden. Målet for turen er den flotte gapahuken som ligg oppe på det høgste punktet på hammaren, med god utsikt ned til bygda og fjorden.

Ruteskildring

Turen startar ved Fv666, om lag 200 meter frå butikken i Angvika, i retning Eidsvåg. Her tek det av ein skogsveg, som du følgjer opp gjennom lia i vel 1,6 km, til du kjem til ein lunningsplass. Herifrå følgjer du merking inn på ein smalare skogsveg i om lag 1 km, før den siste delen av turen går på sti. 

Tilkomst og parkering

Turen startar like ved butikken i Angvika (krysset mellom Fv665 og Fv666). Parkering ved butikken. Hit kjem du lettast med bil. Det er plass til nokre få bilar der skogsvegen tek av frå Fv666. Elles er det fullt muleg å parkere ved Bunnpris-butikken, derifrå er det om lag 200 meter bort dit turen startar.

Fottur
Blå
Lengde
2,71 km en vei
Stigning
218 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
235 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Bare skolebussen kjører til og fra Angvik / Batnfjordsøra.

Kart

Norge-serien, Kristiansund
Køyreskildring
Print ut