English

Nerlandshornet frå porten til Teigetua

Herøy

Kort om turen

Fin fjelltur. Start på grusveg, rastebord langs ruta. Vidare på fjellsti. Godt merka med stikker og reflex. Turen er og ein flott mørketur med hovudlykt. Fin utsikt mot Kvalsvik, Runde og havet frå toppen! Nerlandshornet, 368 moh

Ruteskildring

Start ved porten til Teigetua. Du går så på grusveg ca 1,2 km. Tydeleg merka kvar du skal ta av frå vegen, gå då mot Storevarden. Følg stikker med reflex til Storevarden. Når du kjem til Storevarden, tek du til høgre og følger så blå stikker med reflex til Nerlandshornet, ca 1 km.

Tilkomst og parkering

Turen starter ved porten til Teigetua. Begrensa parkering for biler, 2-3 stk. Parker heller lenger nede i bygda, men ikkje på privat parkering. Du kan og parkere på butikken, Handelshuset.
Fottur
Blå
Lengde
3,6 km en vei
Stigning
369 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Høyeste punkt
426 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 4,8
Køyreskildring
Print ut