English

Muletua

Herøy

Kort om turen

Muletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser vi Svinøya, mot sør ser vi Skorpa, mot søraust ser vi dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser vi Runde. På toppen står ein restaurert torvskjå og på vegen opp ser vi fleire plassar der det har vore spadd torv.

Ruteskildring

Turen startar på høgste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Råsa går nordvestover i lett terreng mot toppen, der er tillaga med raste/kvileplassar fleire stader langs råsa. Når du er komen nesten halvvegs mot toppen kjem du inn på den gamle torvvegen som gjekk frå Kvalsvika til Mulefjellet. På returen er det mogleg å gå ned over Barmen eller gå torvvegen og i begge tilfella kome ned i Kvalsvika. Det kan også vere fint å avslutte turen med å ta seg eit bad på den flotte sandstranda i Mulevika.

Tilkomst og parkering

Følg fv 654 til Fosnavåg, derifrå køyrer du fv 5878 over Nerlandsøybrua og tek til høgre i kryss på Kvalsund og køyrer fv 5880 til Kvalsvika der du tek til venstre mot Mulevika. På høgste punktet på vegen er der en liten parkeringsplass på venstre sida 50 meter før råsa, parker her. Dersom her ikkje er plass må du køyre til parkeringsplassen som er på enden av vegen 300m etter der råsa startar. Liten parkeringsplass 50m før råsa, stor parkeringsplass 300m etter råsa.
Fottur
Grønn
Lengde
1,80 km en vei
Stigning
207 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
252 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,6

Anna

Heile området mellom Muletua og sjøen på nord, vest og sørsida er freda. Ferdselsforbod 1mai -30 juli. Råsa til toppen ligg utanom fredingsområdet.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut