English

Muldal

Fjord

Kort om turen

Fin tur i gammalt kulturlandskap og landskapsvernområde. Muldal ligg 370 moh. og er ein gammal gard, truleg frå 1600-talet. Her ligg to gardsbruk med store våningshus og løer som er plassert fram på kanten til den hengande dalen. Gardane har bøar og teigar framover langs elva. Muldal vart fråflytta i 1955, men husa blir i dag nytta som fritidsbustadar. Eigarane ber turgåarane respektere at dette er private område. Folk er velkomne til å bruke rasteplassen før brua over elva, der også Stikk UT!-kassa står. Turen opp til Muldal går etter god turveg som vart opparbeidd på slutten av 1800-talet. Vegen slyngjer seg i 13 svingar vel 2 km oppetter den bratte lia frå fjorden. Alle svingane har namn. Himmelfartsvingen har fått namnet sitt av ein hest som skal ha hatt så stor fart her at han for utfor vegen og blei skada sopass mykje at han måtte slaktast. I Stuggesvingen rasa det stundom stein, så der var det om å gjere å kome seg raskast muleg forbi. På Labbekvile tok ein raggar utanpå skoa i periodar med mykje is, for å få betre feste når ein gjekk oppover. Vegen går gjennom Muldalslia naturreservat, verna i 2003 for å ta vare på varmekjær lauvskog. Muldalsfossen er den største fossen på Sunnmøre med eit fritt fall på om lag 190 meter. Men på grunn av vasskraftutbygging på slutten av 1950-talet og framover har vassmengda i fossen minka mykje. Fossen er regulert. For å sjå fossen i skikkeleg panorama må ein følgje turvegen som går mellom husa og ned langs ein sti på andre sida av der ein kom opp. Gå på stien og ikkje inn på dei private områda rundt husa. Ein kjem så fram til eit utsiktspunkt med rekkverk som også vart etablert rundt 1890. Frå Muldal har ein eit godt utgangspunkt for vidare ferdsel innover i fjellet på godt merka råser. Ein del av dei er DNT-ruter. Om lag 2,5 km vidare framover dalen finn ein Tafjordsætra og Muldalsætra. Litt framom setrane kjem ein inn i Reinheimen nasjonalpark. Det er og muleg å følgje merka sti til utsiktspunktet Nausen, litt framanfor og ovanfor Muldalsgardane. I august kvart år går Jordmormarsjen frå Eidsdal og over fjella til Tafjord og Muldal, til minne om jordmor Jensine si strevsame ferd til ei fødande kvinne i Muldal i 1886. Sjølve fjorden og landskapet på andre sida av fjorden tilhøyrer verdsarvområdet Geirangerfjorden verdsarv. Sluttstad for turen er ein rasteplass der ein kan nyte utsikten over vakre fjell.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du ca. 100 meter vidare langs hovudvegen før du kjem til starten av vegen opp til Muldalen. Turruta følger her grusveg/sti opp til Muldalen. Det er ingen vegdele, så det er lett å finne fram. Vegen opp til Muldalen har ein jamn og fin stigning, 5-370 moh. Underlaget er grus, og turvegen er stort sett god og brei for gåande. Det er kasse med trimpost ved brua. Der er det også rasteplass med benkar. Rekne om lag ein times gange med jamn fart og nokre pausar. Dei raskaste spring opp på 15-20 minutt.

Adkomst og parkering

Fra Valldal sentrum køyrer ein austover gjennom Fjøråtunnelen og vidare innover langs fjorden. Følg skilting til Tafjord. Etter Fjørå går vegen gjennom fire rasoverbygg og inn i Heggurtunnelen (5 km). Rett etter tunnelen ligg parkeringa på venstre side, i Sørdalsvika/Muldalsvika. Turen startar nede ved hovudvegen, ca 100 meter frå parkeringsplassen. Når ein har kjørt igjennom Heggurtunnelen mellom Fjørå og Tafjord, kjem ein fram til Sørdalsvika/Muldalsvika. Parkeringsplassen ligg på oppsida av vegen, rett etter tunnelutløpet.
Fottur
Blå
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
370 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turbeskrivelse

Informasjon om Muldal
Kjørebeskrivelse
Print ut