English

Mosvatnet

Ulstein

Kort om turen

I forbindelse med oppgraderinga Ulstein kommune gjorde med vassledningane frå Mosvatnet, laga dei også grusvegar i rørtrasèen. Dette gjer at ein kan gå tørrskodd frå Bugardsmyrane til Mosvatnet. Ein flott og veldig tilgjengeleg tur for alle. Fin utsikt og mange rastepunkt heile vegen til Mosvatnet. Veldig godt eigna til sykling og gjer mange stikkvegar lett tilgjengeleg. Frå Mosvatnet er Brørene og Mosvarden veldig lett tilgjengelege og her er også flott å telte. Merk at Mosvatnet er drikkevasskjelde, og hensyn må takast.

Ruteskildring

Fin grusveg heile vegen.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Bugardsmyrane. Alternativt kan den like enkelt starte i Ulsteindalen via Litlevatnet, også grusa veg.
Fottur
Blå
Lengde
10,51 km tur/retur
Stigning
420 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
455 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 10,5
Køyreskildring
Print ut