English

Mosegga, Ørsta

Ørsta

Kort om turen

Turen gjev god utsikt over fleire dalar og kjende toppar nær Ørsta sentrum. Det er fin utsikt mot Langedalen, Follestaddalen, Nupadalen og toppar som Kolåstind, Kjerringa, Vassdalstind med fleire.

Rutebeskrivelse

Turen kan starte enten på Mosetra eller øvst i Mosmarka byggefelt. Turen er lettast med start på Mosetra, på 330 moh. Alternativt kan ein starte på 90 moh øvst i Mosmarka byggefelt. Frå Mosetra går turen opp mot Rambjørhornet og vidare mot Sandhornet på 909 moh. Ein svipp ut på Rambjørhornet gir fin utsikt i fleire retningar, vel verdt den vesle avstikkaren. Frå Sandhornet går turen på egga i god sti over Grøthornet og Kråkenakken til Brekkeheida. Her er stien merka til Pølsa, der det er besøksbok, og vidare til utsiktspunktet på Brekkeheida. Her er det flott utsikt mot Ørsta sentrum. Stien går så ned til kanalvegen og til byggefeltet på Øvre Mo. 

Adkomst og parkering

Turen kan starte på Mosetra eller øverst i Mosmarka byggefelt. Det er ca 5,1 km å køyre frå starten av Setrevegen til Mossetra. Ein må betale bompengar for å køyre Setrevegen opp til Mosetra. Prisen er kr 50,- for bil og traktor, kr 20,- for moped/motorsykkel/moped eller ATV. Då det er god veg mellom start- og sluttpunkta så ein kan gå eller køyre tilbake til startapunktet for turen.
Fottur
Rød
Lengde
7,4 km en vei
Stigning
743 m
Tidsbruk
5 t. 30 mi
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 7,4

Annet

Mosetra er ei gamal seter frå 1600-talet med ein setervoll på kvar side av elva, med Mosetra på austsida av elva. Framover Langedalen er det store frodige grassletter. Rundt 1910 var det 260 storfe på beite her sommarstid. No er det ikkje storfe her lenger, men det er nokre hundre sauer på beite.

Kart

Betalingsmiddel for bomvei

Kr 50,- for bil og traktor. Kr 20,- for moped/motorsykkel/moped eller ATV
Kjørebeskrivelse
Print ut