Ein lett og fin tur på asfalt og grus i sentrum av Stordal, tilgjengeleg for alle. Flott utsyn over fjorden og fjella samt bygda elles. Ved sjøen mot Stordalselva er det tilrettelagt badeplass. På moloen er det lagt til rette for fisking. Enden av moloen.
Du går forbi bank, frivilligsentral, bygg med næringsverksemd og Stordal camping før du tar til høgre der du passerer Stordal småbåthamn med gjestebrygge og den flotte naustrekka. Forbi alle nausta kjem du til badeplass på venstre side og småbåthamna på høgre side. Fortsett vidare på moloen. Turkasse finn du i enden av moloen. Alternativt kan du gå Strandgata som er paralellgata nærmare sjøen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,67 |