English

Midtvatnet frå Bakke

Gjemnes

Kort om turen

Turen går i naturskjønne omgivnadar oppover langs Dønnemselva, forbi Bakkvatnet. Det er god veg heilt opp, og til rette årstida kan du plukke markjordbær.  Ved Midtvatnet finn du turkasse på venstre hand når du kjem opp bakken.

Ruteskildring

Turen startar ved informasjonstavla på Bakke. Herifrå følgjer du traktorvegen langs Dønnemselva opp Bakkdalen til Bakkvatnet. Her er det fint å raste inst ved vatnet før du fortsett turen opp til Midtvatnet. På veg ned att, er det flott utsikt ut over fjorden mot Gjemnes, Bergsøya og Frei.

Tilkomst og parkering

Frå Batnfjordsøra følgjer du FV666 i retning Angvik. Etter 7,2 km kjem du til ei avkøyring på høgre hand, kor det står eit informasjonsskilt. Kjør litt opp for parkering. Her startar turen. Kjem du frå Torvikbukt, køyrer du FV666 i retning Batnfjord i 4,4 km fram til informasjonsskiltet på Bakke. Parkering ved informasjonstavla på Bakke. Vis omsyn når du parkerer.
Fottur
Blå
Lengde
2,9 km en vei
Stigning
294 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
383 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss til Torviktbukt fra Batnfjordsøra. Se http://www.frammr.no

Kart

Norge-serien, Kristiansund.
Køyreskildring
Print ut