English

Midtremma/Rognemyrane

Haram

Kort om turen

Dette er ein lett og fin tur, spesielt for barnefamiliar. Vegen er lett framkomeleg, og du kan stoppe og raste ved fleire gapahukar og bålplassar langs ruta. Turen er fin heile året, og du kan både gå og sykle. Her går det også an å ta seg fram med barnevogn, dersom vogna har gode hjul. Dette er ei rundløype.

Ruteskildring

Når ein startar ved gravplassen på Longva, følg grusstien innover og du vil komme til Midt-Remma gapahuken og der heng Stikk-UT-postkassa inne i gapahuken. For å gå rundturen fortset ein forbi gapahuken til ein kjem til hovudvegen. Da tek ein til venstre opp mot Framtun. Når ein kjem opp til krysset ovanfor Framtun skal ein krysse vegen og følge råsa opp til fjellfoten. Der tek ein til venstre inn i skogen og følger råsa/traktorvegen. Etter kvart treff ein på ei ny postkasse, ein har da komt til Djupedalen. Der fortset ein rett fram, ein treff også på ein ny gapahuk inne i skogen. For å komme tilbake til start fortset du vegen til du ser gravplassen nede ved hovudvegen.

 

 

Tilkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre og gjennom tunnel til Austnes. Køyr vidare langs Ullavegen til Ulla. Du køyrer vidare over brua, og etter den tek du til høgre mot Longva på Longvafjordvegen. Når vegen deler seg tek du til venstre. Følg vegen til du møter parkeringsplassen ved gravplassen. Eller du kan køyre litt lengre og parkere ved ungdomshuset Framtun. 

Fottur
Grønn
Lengde
3,9 km en vei
Stigning
46 m
Tidsbruk
55 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
55 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut