English

Melssetra opp Melsfjellvegen

Ørsta

Kort om turen

Ein nokså lett tur med jamn stigning. Det er laga til sitje/kvileplassar med flott utsikt langs vegen opp til setra. Du ser etterkvart Follestaddalen med Kolåstinden, Åmdalen med Vatnevatnet og fjella i Kvanndalen. På setra står det nokre gamle sel og steinmurar etter fleire som har ramla ned. Blåbær og bringebær om du er der på rett tid. Herifrå kan du gå til Melshornet, eller ein kortare og flatare rundtur, eller også til Krøvelseidet/Helgatun. Melssetra 335 moh

Ruteskildring

Start ved lunneplassen der Melsfjellvegen startar frå Melsvegen. Melsfjellvegen er stengd med bom så her må ein ta beina fatt. Følg vegen oppover, du kan ta av og gå bratt rett opp til setra på sti eller fylgje vegen heilt fram, ta til høgre i krysset etter ca 2km begge alternativa er skilta med Melssetra.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Ørsta sentrum, ta av til venstre i krysset på Ose til Melsbygda(FV57 Melsvegen) Parkering på lunneplassen ved avkøyringa frå Melsvegen FV 57. Pass på å parkere slik at det er plass til fleire bilar.
Fottur
Grønn
Lengde
2,4 km en vei
Stigning
274 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
329 moh

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut