English

Melssætra frå Krøvelseidet

Ørsta

Kort om turen

Dette er ein lett tur gjennom skogen frå Krøvelseidet. Det er tatt ned mykje skog rundet Melssætra, så det er flott utsikt mot m.a. Åmdalen, Follestaddalen og Vatnevatnet. Denne ruta har ein liten rundtur rundt kollen bak Melssætra for så å returnere til der turen starta.

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen på grensa mellom Volda og Ørsta. Det er her mange parkerer vinterstid når dei skal på ski i Rotevassdalen eller til Melshornet. Like aust for skilta Krøveseidet/Vikebygdvegen går det ein sti oppover skogen.Etter ca. 200 m passerer du på vestsida av ei hytte. Følg stien vidare oppover til du møter ein skogsveg, litt under 1 km frå der du starta. NB, du skal ikkje ta av til Søsterhytta undervegs (N62° 09.588' E6° 10.762'). Når du kjem opp til vegen, tek du til venstre og følger vegen ca 100 m før du tek av på sti på høgre side inn gjennom skogen og vidare til Melssætra. Det er raude merke som heng i trea eller stokkar med raud topp-ende. Stien er til dels utydeleg/fråværande, men merkinga viser veg. Etter Melssætra følger du merka sti oppover. Sti er merka mot Melshornet, men ved ei myr (N62° 10.028' E6° 10.937') tek du av frå Melshornruta. Ta til venstre og følg merking gjennom skog og blåbærlyng. Du kjem etterkvart til ei hytte og ein skogsveg. Følg skogsvegen ned til der du kom opp i stad og stien vidare ned til der du starta turen.Nokre område er myrlendte, så det er lurt med sko som tåler væte.

Tilkomst og parkering

Frå Volda: Frå sentrum, køyr E39 retning mot Stryn til du kjem til ei rundkøyring. Ta av mot Vikebygda på Vikebygdvegen (FV 45). Følg denne til du kjem til Helgtaun og ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen, omlag 6 km. Her startar turen Stor parkeringsplass ved start
Fottur
Grønn
Lengde
3,2 km tur/retur
Stigning
160 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,7

Offentleg transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut