English

Melshornet fra Pilskog

Hareid

Kort om turen

På toppen har du ei vid og flott utsikt i alle retningar. Mot vest Ulstein og øyane i Herøy, mot nord Breisundet og Nordøyane, mot aust inn Storfjorden mot Ørskog og mot sør Vartdalsfjella og Sunnmørsalpane. Ei flott sikteskive viser namna på dei fleste fjelltoppane. Her står og ein stor varde.

Rutebeskrivelse

I starten av Pilskogvegen, rett bak busskuret, eigen parkeringsplass for turgåarar med infotavle. På tavla finn ein innteikna  kart og luftfoto av turområdet med beskrivelse .Gå Pilskogvegen til endes. I skogkanten, ved skiltet ”Melshornet”, går ein opp til kryssningsskiltet ”Øvstegardsråsa” og vidare til ein møter to skilt til Melshornet. Her kan ein velje mellom 2 alternativ. Avstanden til Melshornet er om lag den same for begge råsene, ca 3,5 km. Den beste og tørraste råse er den som går om Grøthornet. Det er denne råsa som er markert i kartet på denne turbeskrivelsen.

Adkomst og parkering

Eigen parkeringsplass for turgåarar rett bak busskuret i starten av Pilskogvegen.
Fottur
Blå
Lengde
3,6 km en vei
Stigning
645 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kjørebeskrivelse
Print ut