English

Melshornet Volda/Ørsta

Volda

Kort om turen

Melshornet er eit populært utfartsmål heile skisesongen, ypparleg topp som dagstur med familien eller til ettermiddagstrimmen. Mange tek også turen i mørket med lykt.

Ruteskildring

Skitur til Melshornet kan du ta frå Volda sentrum, Krøvelseidet og frå Volda Skisenter (Reset). Her er turen omtala med start frå og tilbake til Volda Skisenter. Frå skisenteret går du austover i løype som startar på oppsida av ei grindløde. Herifrå skråar det jamnt oppover til du møter ruta frå Helgatun/Krøvelseidet. Ver obs på at du kan møte skiløparar på veg ned på denne delen av turen. Ta sikte på austenden av den lange ryggen frå Grøthornet, og du kjem opp i ein liten dal, Skjervadalen, nord for lange skavlar. Resten av ruta er skrått terreng mot toppen. Retur same veg.

Tilkomst og parkering

Volda Skisenter, sjå http://www.voldaskisenter.no Her er det grei parkering (mot avgift). Volda Skisenter AS, parkeringsavgift kr. 40 kveld og kr. 50 helg. (sesongen 17/18)
Skitur
Rød Fjell
Lengde
6 km tur/retur
Stigning
491 m
Tidsbruk
3 t. 0 min
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
782 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3

Anna

Det er planlagt hyttefelt i tilknyting til Volda Skisenter, sjå Reset Hyttegrend AS si side http://www.facebook.com/ResetHyttegrend Usikker på snøtilhøva? Sjekk desse fb-sidene: Melshornets venner, Frilufstforeninga Volda, Volda skisenter.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut