English

Melshorn frå Melssetra

Ørsta

Kort om turen

Dette er ein nokså lett fjelltur med vid rundskue over Sunnmørsfjell, Ørstafjorden, fjella utover øyane innover sunnmørsalpane og fjella mot Nordfjord.

Ruteskildring

Frå Melssetra er det merka sti. I byrjinga over ein del våte parti. ein normal sommar vil ein kunne finne vatn eit par stadar før ein når toppen. Når ein kjem høgare opp går stien heilt ute på kanten mot Ørsta, og litt luftig utsikt eit par plassar. Her er det også tørt i terrenget, med lyng og berg. Frå toppen kan ein gå alternative ruter ned. Mot Volda eller til Rystefeltet i Ørsta. Sjå: https://mrfylke.no/Morotur/Turar/OErsta-Volda-via-Melshornet .

Tilkomst og parkering

Til Melssetra kan ein gå på veg frå Melsvegen opp Melsfjellvegen (2,4 km) Køyr E39 frå Ørsta sentrum, ta av til venstre i krysset på Ose til Melsbygda(FV57 Melsvegen) Eller frå Krøvelseidet/Helgatun(1.7km) på sti. Frå Volda: Frå sentrum, køyr E39 retning mot Stryn til du kjem til ei rundkøyring. Ta av mot Vikebygda på Vikebygdvegen (FV 45). Følg denne til du kjem til Helgatun og ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen, omlag 6 km. Parkering på lunneplassen ved avkøyringa frå Melsvegen FV 57. Pass på å parkere slik at det er plass til fleire bilar. Eller om du startar frå Krøvelseidet parkerer du på den store parkeringsplassen nedom vegen ved Helgatun.
Fottur
Blå
Lengde
2,7 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut