English

Mefjellet

Fjord

Kort om turen

På Mefjellet har du flott utsikt over Norddalsfjorden og bygdene og fjella rundt. Det er ein bratt, men fin tur på gamle vegar som går opp gjennom skogen, vidare på setrevegen opp til Nysætra og etter sti siste stykket opp til toppen. Du kan også køyre opp til Hauge og gå turen derifrå. Dette er løypa til motbakkeløpet Mefjellet Opp.

Rutebeskrivelse

Ver merksam på at det kan ligge snø øvst på denne turen til langt ut i juni. Turruta følgjer både asfaltveg, gammal bygdeveg/tursti, grusveg og sti. Det er utsyn til fjord og fjell langs heile ruta.

Turen startar ved Fjørå kai og du går bilvegen mot Selboskar og Hauge. Etter ca 700 m (etter ein høgresving) tek løypa til venstre inn på gamlevegen/tursti og du følgjer den ca 200 m, ovanfor bustadfeltet, før du kjem inn på bilvegen att.

Gå oppover ca 450 m (forbi to svingar), før du tek til høgre svært bratt opp gamlevegen, skilta til Selboskar. Følg denne ca 550 m oppover til du kryssar bilvegen ein gong til. Gamlevegen/turstien går no ca 350 m opp gjennom skogen før du møter bilvegen att. Du må klive over autovernet.

Følg så asfaltert veg til høgre og gå nokonlunde flatt austover ca 650 m til Hauge, 400 moh. Her er det skilta til Nysætra. Følg setrevegen (grusveg) opp til Nysetra, ca 2,6 km. Frå Nysetra går råsa etter ryggen opp til toppen ca 1,4 km og 400 høgdemeter - med storslått utsikt til fjordar og fjell.

 

Adkomst og parkering

Køyr fv 63 til Valldal, ta av i sentrum og køyr fv 92 (skilta mot Tafjord) i ca 3,2 km då er du i Fjørå. Parkering ved ungdomshuset ved fylkesvegen. Her er det også informasjonstavler for området.
Fottur
Rød
Lengde
7,0 km en vei
Stigning
1061 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,8
Grus 2,6
Sti 2,6

Annet

Mefjellet Opp er eit motbakkeløp 0 - 1100 moh., som vert arrangert av Valldal IL kvar sommar. I 2019 vart det arrangert NM i motbakkeløp her. Løyperekordar Herrer: Kilian Jornet 40,52 (2019) Kvinner: Johanna Åstrøm 50,49 (2019)

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000. Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turbeskrivelse

Kjørebeskrivelse
Print ut