English

Matøskja

Volda

Kort om turen

Matøskja er eit flott turmål både til fots og på ski. Her finn du omtale av fotruta. Ein tur i variert terreng og med flott utsikt både undervegs og på toppen

Ruteskildring

Start i enden av parkeringsplassen/bomvegen. Du finn skilt til Matøskja. Gå mot ei hytte oppe i lia, til høgre (mot nord). LIke etter hytta deler stien seg, 470 moh (N62° 04.072' E6° 10.826'). Du skal halde til venstre over ei lita myr og sikte deg inn mot ein varde som du ser eit stykke ovanfor deg. Stien går ikkje heilt opp til varden, men passerer i lia nedanfor varden. Like før Grøndalsvatnet, 690 moh (N62° 03.844' E6° 10.110'), deler stien seg på nytt og du skal igjen ta til venstre opp over knausane på sørsida av vatnet. Følg stien vidare. Det er stort sett lett å finne stien; nokre eldre raude merke og varding hjelper deg. Når du nærmar deg ura, kan du sikte deg inn mot ein varde i himmelsjå, dreie sørover etter denne varden og sikte deg inn mot ein ny varde. No ser du toppen som er lett å kjenne att med alle vardane på toppen. Følg ryggen bortover til sjølve oppstiginga til toppen, då unngår du ura og det er lett å gå her. Du finn enklaste oppstiginga til toppen dersom du held deg godt i sørsida. Sjå etter svakt trakk og nokre vardar. Du finn då eit trakk som går i en gras-/grusbakke og unngår ura. På toppen finn du ei sikteskive med namn på toppar du har utsyn til.

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 retning Stryn, omlag 20 km. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på 651, Fyrdsbergvegen. Her er også skilta mot Paddeplassen. Den store paddefiguren er verdt eit besøk i seg sjølv. Følg 651 til du kjem til Høydal, køyr forbi bebyggelsen til du kjem til ein veg (Ytre Høydal) som går nesten 180 grader på FV651. Køyr oppover til siste garden. På nedsida av løa går bomvegen opp til Lauvhaugen. Bompengar kr.50 (2017) Det er plass til ein del bilar i enden av bomvegen eller langs vegen
Fottur
Rød
Lengde
12 km tur/retur
Stigning
1060 m
Tidsbruk
5 t. 40 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 12

Offentleg transport

Nei

Anna

Du finn turomtale i "Fotturar på Sunnmøre"

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Topptur Matøskja
Køyreskildring
Print ut