English

Magretlia

Surnadal

Kort om turen

Du finn Magretlia i lysløypa ved Nordmarka idrettssenter. Turmålet er frå vinteren 2017/18 Stikk UT! ski-post, og er eit fint turmål om ein vil ut ein tur på kveldstid i mørketida. Lysløypa går i såpass lett terreng at runden passar godt for både barn, vaksne og eldre.

Rutebeskrivelse

Sving inn til Nordmarka idrettssenter og køyr så langt inn og bort på parkeringsområdet du kjem (uten å køyre inn mellom bygningane). Du har da den nye, store smørebua rett framfor deg. På yttersida av bygget finn du startpunkt for turen. Gå herifrå rett fram i den venstre traseen og følj lysløypa vidare. Etter ca 1,3 km, omtrent på det høgaste punktet i lysløypa, fin du Stikk UT!-posten i Margretlia. Du kan korte ned turen med ca. 0,6 km viss du i standen for å følgje lysløypa det siste stykket, går rett fram mot startpunktet når du kjem inn på stadionområdet igjen.

Adkomst og parkering

Utgangspunkt for turen er Nordmarka idrettssenter som ligg på Nordmarka mellom Bæverfjord og Skei i Surnadal kommune. Gratis parkering ved idrettssenteret.
Skitur
Grønn
Stigning
134 m
Tidsbruk
3 t. 0 min

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 2,9

Offentlig transport

Fleire bussruter går forbi idrettssenteret. Rutetider, sjå frammr.no.

Annet

Alle blir oppfordra om å gå i den retninga som er beskrive ovanfor for å unngå møtande løparar i same spor.

Kart

Ikkje nødvendig
Kjørebeskrivelse
Print ut