English

Måsøyra og Sjøkanten

Ålesund

Kort om turen

Området ved sjøen er idyllisk. Rikt fugleliv ved Måsøyra aktivitetspark. Her er det bord og benkar og ulike apparat for leik og trening. Gå langs båthavna og nyt roa av fjøra og vakker utsikt utover fjorden. 

Rutebeskrivelse

Parker ved Ørskog kyrkje og gå brua over elva. Hald fram langs gangvegen til du passerer eit stort brunt hus. Her tek du av til venstre og går over til Måsøyra Aktivitetspark og vidare til småbåthamna. Her kan du først gå ut på moloen til høgre, gå tilbake og gå ut på moloen på venstre side. Mot sør ligg Måsøyra ved munningen av Ørskogelva. Dette er eit fint naturområde. Gå gangvegen tilbake til Ørskog kyrkje.

Adkomst og parkering

Parker ved Ørskog kyrkje, Måsøyra Aktivitetspark eller ved Småbåthamna. HC - parkering ved Ørskog kyrkje
Fottur
Grønn
Stigning
25 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 2

Offentlig transport

Timeekspressen og Fjord 1

Kart

Ørskogfjellet.
Kjørebeskrivelse
Print ut