English

Lomstjønna

Sande

Kort om turen

Lomstjønna er ein liten topp som ligg ved vatnet Lomstjønna på sørsida av Nyksvatnet. Fin utsikt mot Vanylvsfjella og mot Nyksvatnet og Veten. Larsnes IL har trimpost på Lomstjønna.

Ruteskildring

Lomstjønna har tilkomst frå Larsnes og frå Skredestranda.Frå Larsnes startar du ved vassverkshuset i Dalen. Du går då traktorvegen som går opp gjennom skogen, du kjem då til ein gapahuk, råsa går då over elva og austover myrane til du kjem til Lomstjønna. Frå Skredestranda startar du ved leikeplassen på Slettestøl. Gå over leikeplassen, råsa startar i vestlegaste hjørnet av leikeplassen, der er ein traktorveg, den skal du ikkje gå, for råsa går rett opp gjennom skogen i svingen på traktorvegen. Råsa går i sikksakk bratt oppover i tett skog, går så mot vest, deretter mot nord. Når du kjem oppom skogen går råsa over nokre myrar, når du kjem opp til flata før Nyksvatnet står der eit skilt mot Veten, her tek du til venstre og går oppå kanten, råsa går då utover myrane på sørsida av Nyksvatnet og ut til Lomstjønna. God rås på begge alternativa. Dersom du har skyssmoglegheiter er dette ein fin overgangstur. Lengdene som er oppgitt er som overgangstur.

Tilkomst og parkering

Frå Larsnes; Ta av frå fv 61 i vegkryss på nordsida av Larsnes sentrum skilta mot sjukeheim og kyrkje. Køyr 750m og ta til høgre etter prestegarden, køyr 100m og ta til venstre ved kyrkja, køyr 750m og ta til venstre opp til vassverkshuset og parker her. Frå Skredestranda; Ta av frå fv 61 ved Årvik ferjekai, køyr 700m og ta til venstre i kryss før Liset feriesenter, køyr 150m og parker ved leikeplassen. Larsnes; ved vassverkshuset i Dalen. Skredestranda; ved leikeplassen på Slettestøl.
Fottur
Grønn
Lengde
3,36 km rundtur
Stigning
297 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
301 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut