English

Lomshaugen

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Idyllisk tur med god sti, først i lauvskog og deretter gjennom furuskog. Over skoggrensa går stien nokre stader over myrområder som kan vere blaute. Enkel og relativ kort tur. Som alternativ til tur ned igjen, kan du gå ned langs elva. Ingen sti og innimellom litt ulendt. Men spennande og flott.

Ruteskildring

Etter parkering ved campingplassen i Meringdal, går du over brua og tar svakt oppover forbi campingvognene og marka til høgre. I enden, først ein skarp sving til høgre og deretter til venstre opp til ny innmark. No er du snart  inne på stien. Denne følgjer du nokre hundre meter oppover til du ser ei pil peike ut til venstre. Følg denne stien vidare oppover. Først bratte bakkar langs ein skogsrygg. Deretter i slakkare terreng i den åpne furuskogen.  Her kan du også sjå noen typiske hjortebad i myra.  Over skoggrensa åpner det seg ei storslått utsikt over Eresfjord. Og i andre retninga mot Eikesdal. Restane etter Meringdalsetra ligg i eit lite dalsøkk ned til høgre rett før siste stigninga opp til Lomshaugen. Ta gjerne ein avstikkar ned dit også. Stor trafikk i myrområda opp mot toppen har ført til veldig gjørmete sti. Er ikkje så kjekk å gå lenger.

Derfor er turbok-kassa flytta ned til ca 440 moh. Men også her er det storslått utsikt over Eresfjord. 

Tilkomst og parkering

Ta av frå fylkesvegen ved brua i Osen i Eresfjord (nordenden av Eikesdalsvatnet) og følg grusvegen så langt den går inn til Meringdal. Parker før brua over elva til campingplassen. Vis omsyn der du parkerer ved campingplassen i Meringdal. Snakk gjerne med vertsfolket.

Fottur
Blå
Stigning
572 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
585 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut