Turen går i oppkøyrde skispor i lett turterreng. Løypa går delvis i kulturlandskap, etter setrvegar og delvis over myrar. Du passerer gran og furuskog og etterkvart opnare lauvskog. Området er ein del av det varig verna området langs Solnørvassdraget. Løypa er også ein del av det store løypenettet rundt Svartløken. Dette har tilkomst frå Fylling i Skodje kommune og Tomrefjorden i Vestnes kommune. Turen sluttar ved Fjellstova på Ørskogfjellet, her er det også god parkeringsplass. P-avgift. Her kan du ta bussen, td Timeekspressen tilbake til Sjøholt sentrum Alternativat kan du gå tilbake same vegen. Og turen kan du sjølvsagt like gjerne gå motsett veg.
Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 m.o.h. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1km, er resten av turen om lag flat . Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra.Du kan halde fram vidare på denne turen, først i nordleg retning til du ser Mevatnet på venstre sida. Så svingar løypa i retning nord-nordaust i slakk motbakke. Når du kjem til eit kryss skal du halde til høgre, inn på Løklivegen og eit flatt parti. Etterkvart ser du tunet på Svartløken og når det er passert, startar bakkane som fører vidare opp til Ørskogfjellet. Skiløypa deler seg snart igjen, du skal framleis halde til høgre og oppe i lia på høgre side av løypa finnst restane av ein gamal hoppbakke, Løklibakken, der det vart arrangert NM i hopp i 1967. Etter km. er du ved enden av løypa og ser Fjellstova på Ørskogfjellet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 11,6 |