English

Løkeberget

Hareid / Ulstein

Kort om turen

Ein av mange fine turar på Hareidlandet. Her er det flott utsyn og det er tydeleg sti og lett å finne fram.

Rutebeskrivelse

Start ved Løset. Når du kjem frå Haddal skal du passere skilt mot Flåna og Garnestua før du tek av på veg som går til høgre inn til nokre hytter. Det er mulig du ser eit eldre Løkeberget-skilt her. Etter omlag 100m står det eit nytt Løkeberget-skilt. Du kan enten følge dette eller gå vegen omlag 100 m til og ta til venstre på ein grasdekt veg. Når du kjem inn på stien følger du denne heilt til topps. Han er tydeleg og godt merka. Gjennom skogen er det ein del våte parti, men når du har komt opp på Langheida er det tørt og fint resten av vegen. Ruta går skrått opp sida til Løkeberget. I ca 500 m høgde (N62° 18.946' E5° 56.796') dreiar stien skarpt vestover og vidare til topps. Følg merking, så finn du sikker rute til topps. Fin varde og utsyn på toppen

Adkomst og parkering

Enten du kjem frå Volda/Ørsta eller Ulsteinvik på FV653: Ta av til Haddal og følg Haddalvegen til du ser skilt til Ringstaddalen. Køyr denne ca 4 km. Her kjem du til eit hytteområde akkurat der vegen svingar NV vidare mot Fjelle. Det er godt med plass til å parkere i området ved start
Fottur
Blå
Lengde
5,5 km tur/retur
Stigning
405 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 5,5

Kart

norgeskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut