English

Løålikjølen

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein familievennleg tur i lett kupert terreng. Det er litt bakkar til å begynne med, men sidan lett turterreng opp til toppen av Løålikjølen. Her kan du gå etter flotte, oppkøyrte løyper, og du kan velje om du vil tenne opp bål ute i det fri eller bruke den opne grillhytta på Løålikjølen.

Rutebeskrivelse

Når du først har funne startpunktet, kan du ikkje gå feil. Her er det berre å følgje opptråkka spor inn til Løålikjølen. På tilbaketuren må du følgje med når du nærmar deg startpunktet og sporet deler seg. Renner du til høgre, kjem du til parkeringsplassen vest for Nordmarka idrettssenter. Tek du her til venstre, endar du ved innkøyrsla til idrettssenteret, som i beskrivinga nedanfor er oppgitt som alternativt startpunkt. Hamnar du ved feil startpunkt, er det uansett ikkje noko problem: Det er berre å følgje riksvegen tilbake til bilen din.

Adkomst og parkering

Frå Skei i Surnadal køyrer du ca. 7 km etter riksveg 65 i retning Kristiansund. Etter å ha passert innkøyrsla til Nordmarka idrettssenter på venstre side, køyrer du nokre hundre meter til. Her ligg ein parkeringsplass på høgre side av vegen der du sett frå deg bilen. Følj opptråkka spor herifrå og inn til Løålikjølen. Viss det er fullt på denne parkeringsplassen, kan du parkere ved Nordmarka idrettssenter og gå det opptråkka sporet som startar rett vis-à-vis innkøyrsla til idrettssenteret.
Skitur
Blå
Lengde
10,4 km tur/retur
Stigning
192 m
Tidsbruk
2 t. 10 mi
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nettbuss har fleire bussruter forbi startpunktet, men det kan bli ei utfordring å finne ruter som passar med tidspunktet du er ferdig med turen.

Kart

Friluftskart for Surnadal
Kjørebeskrivelse
Print ut