English

Ljøsåbotn

Molde

Kort om turen

Turen opp denne sørvendte lia gjev ei fenomenal utsikt over Eikesdalsvatnet. Du passerer ein nedlagt gamal seterstøl. Først går du i gamal furskog. Deretter i lauvskog og ender oppe på snaufjellet, ved ei lita gjetarhytte 740 moh. Om du vil kan du fortsette stien opp til vatna i Ljøsåbotn. Eit anna alternativ til rundtur er å gå oppover til Kvidalsskaret, på vestsida av Litjskjorta, for deretter å følgje dalen utover og mellom Skjorta og Goksøyra og utover til Ufsalen og ned til Eresfjord.

Ruteskildring

Du starter frå Eikesdalsvegen, Fv191 og følgjer den ordinære merka turiststien. Den er skilta med Brandstad. Denne sørvendte lia heiter Storlia. Først går du i furuskog som etter kvart går over i lauvskog. Noen partier går stien rett opp og er forholdsvis bratt. Du må krysse over eit åpent skredparti med ein bekk som kjem ned over noen sva og bergkansuer. Deretter over eit anna skredparti med stein og sand. Så går stien litt flatare i terrenget før den stig opp mot det gamle opne stølsområdet som heiter Ljåsåbotnsetra. Her er det berre noen gamle steinmurar som står att. No er du snart over tregrensa og følgjer stien i litt flatare terreng fram til den vesle gjetarhytta. Her er posten og kassa.

Tilkomst og parkering

Køyr til Eresfjord og til den gamle ferjekaia ved Eikesdalsvatnet på Øverås. Derifrå følgjer du Eikesdalsvegen, Fv191, ca 1,5 km til Kvennahjellan. Her kan du parkere. Stien startar ca 100 meter lenger sør. Det er skilta. Du kan også parkere ved avkøyrsla ved rasoverbygget.
Fottur
Rød
Lengde
2,67 km en vei
Stigning
665 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
725 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,7

Offentleg transport

Nei

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra
Køyreskildring
Print ut