English

Ljøbrekka (Den Trondhjemske postvegen)

Stranda

Kort om turen

Dette er ein familievennleg tur som passer for alle. Det er mogleg å stoppe for å fiske, bade og ta seg ei matbit på veien. På toppen får ein fin utsikt over Strandadalen. Turen kan forlengast til Ljøen som har utsikt over Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. 

Ruteskildring

Dette er ein familievennleg tur som passer for alle.Turen starter ved tunellinngangen i Herdalen og første del opp til Herdalsvatnet går på fin grusveg. Ved vatnet er der benker og bord, kor ein kan fiske og bade. Vidare går stien opp til Ljøbrekka som har fin utsikt over Strandadalen. Tidsbruk til toppen ca. 1 time.

Det er egna for barnevogn fram til vatnet, men ikkje heile veien til Ljøbrekka.

På denne turen kan ein velgje å gå tur/retur, eller følge stien vidare ned til Ljøen som har flott utsikt over Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Tidsbruk ca. ytterleg 1 time. Om ein vel å gå over til Ljøen er dette i andre enden av tunnelen, så det kan vere lurt å ha ein bil ståande her.

Vegen går i fin stigning inn dalen. Det er flott underlag og gå på og ein kan nyte duren av elvane som kjem ned fjellsidene. Stigning på ca 400 m.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Merk: Ein kan nå dette turmålet også frå Hellesyltsida ved å gå opp frå Ljøen, men koden til StikkUT! blir ikkje lagt ut før der er mogleg å gå opp Strandasida då dette er StikkUT! turen. 

Tilkomst og parkering

Start ved parkeringsplass nær tunnelopninga i Strandadalen. Ein portal viser starten på løypa.

Fottur
Blå
Lengde
3,28 km en vei
Stigning
361 m
Tidsbruk
3 timer tu
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
783 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Anna

Del av den Trondhjemske postvei

Køyreskildring
Print ut