English

Lisjerøfsdalen- rute 52

Vanylven

Kort om turen

Familietur i lett terreng til det som i bygdeboka for Syvde kallast ”perla i dalen. Lisjerøfsdalen er omkransa av Jolehornet og Lisjerøfsdalsnipa og er ein lun plass, spesielt når nordavinden gjer livet surt heime i bygda. Ved vatnet er det bålplass og fin grasslette for telting. Du kan fiske fritt i elva og vatnet. I murane til Urhellom er det også lunt å sitte viss du for eksempel vil grille pølser. Ein tur til Lisjerøfsdalen er ofte starten på ein lenger tur som til Joledalen og Lisjeblæja, eller opp Ågotskaret til Lisjrøfsdalsnipa.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset som er høgaste punktet, vider dalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Rute 52 fortsett vidare frå Lisjerøfsdalen til Joledalen og Lisjeblæja. (Sjå beskrivelsen “Lisjeblæja- Rute 52)

Tilkomst og parkering

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Sørdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra og i Lundagjerde. Frå Røfsdalsætra er det 3 km til parkeringsplassen i Lundagjerde. Du kan parkere på parkeringsplassen eller på grassletta i Lundagjerde
Fottur
Grønn
Lengde
1,3 km en vei
Stigning
120 m
Tidsbruk
1 t. 0 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut