English

Lisjerøfdalen rundt: Lisjeblæja- Blæja- Jolegrøvatnet- Lisjerøfsdalsnipa.

Vanylven

Kort om turen

Ein fantastisk flott rundtur der du får med deg det mektigaste fjellområdet, to av dei høgaste toppane og nokre av dei mest idylliske områda som Vanylven har å by på. Lisjerøfsdalen er ei perle ein fin sommardag, ein lun plass med eit godt fiskevatn. Toppen av Lisjeblæja (1032 m.o.h.) og Blæja (1142 m.o.h.) har eit vidsyn utover mot havet, Sunnmørsalpane og mot Jostedalsbreen. Blæjeegga er av mange karakterisert som den lokale utgåva av Besseggen med nokre parti som for enkelte kan følest luftig. Jolegrøvatnet er eit fiskerikt vatn som ligg i eit naturskjønt område. På Lisjerøfsdalsnipa (950 m.o.h) står varden heilt ut på kanten og når du bøyer deg ut, ser du rett i Lisjerøfsdalsvatnet, 460 meter under.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset, vider Lisjerøfdalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Frå murane til Urhellom går råsa oppover mot Joledalen, godt synleg med blåmalte steinar og stikker innimellom. Her er det litt brattare enn lenger heime, men ein kjem fort opp i høgde og får ei flott utsikt over Lisjerøfsdalen. Over skoggrensa er råsa godt synleg heilt fram til Raudesteinen i Joledalen. Herifrå er det lyngmark og det er tydeleg merka med blåmalte steinar og stikker kvar ein skal gå. Terrenget har fin stigning oppover mot Lisjeblæjeskaret og brått har du utsikt over Røfsdalen og Syvde. Herifrå er det steinur til toppen av Lisjeblæja. Her har Syvde Idrettslag ein av sine mest populare Fjelltrimmpostar, boksa finn du på varden. Turen går vidare langs Blæjeegga der råsa ligg langs egg men også litt skjerma ned i sida. Nokre bratte parti til toppen av Blæja med lett klyving.  Frå Blæja og vidare er ikkje ruta merka, men du kan bruke sporet frå GPS’en som rettesnor. Vi har prøvt å unngå myr og stadar der det veks mykje bregner. Det er ikkje samanhengande rås vidare, men frå Jolegrøvatnet går det ei sauderås på ryggen mellom vatnet og Lisjerøfsdalen oppover mot Gavlen. Rundt Lisjerøfsdalsnipa er det stupbratt ned i Lisjerøfsdalen men på andre sida er det lyngmark og steinur. Du vil finne sauderåsa langs kanten når du går mot Lisjerøfsdalsnipa og vidare nedover mot ryggen ovanfor Ågotvatna. Finn deg ein grei veg ned til Ågotvatna og når du går ned Ågotskaret er det best å gå ned til Lisjerøfsdalen på venstre side av elva. Langs elva går ein bratt rygg med fin lyngmark uten steinur og bregner. Kryss elva i Lisjerøfsdalen, finn den merka råsa og ringen er slutta! Denne rundturen kan gåast begge vegar. Det er lettast å gå den vegen som er beskreven her, med tanke på bratte og tunge parti.

Adkomst og parkering

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra og i Lundagjerde. Frå Røfsdalsætra er det 3 km til parkeringsplassen i Lundagjerde.
Fottur
Rød
Lengde
12,8 km tur/retur
Stigning
1140 m
Tidsbruk
6 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 7

Kart

Kart: På tur i Vanylven- kan kjøpast på Coop i Syvde
Kjørebeskrivelse
Print ut