English

Lisjedalssætra - Austefjord

Volda

Kort om turen

Lisjedalssætra ligg i ein dalkop 380 m.o.h. Ho er ei av mange sætrar i Austefjorden som er verdt eit besøk. På sætrevollen er der ein fin samlingsplass Det er fleire ulike stiar som fører til Lisjedalen. Ruta som er omtala her, startar øvst i byggefeltet i Fyrde. Dette er ein fin familietur.

Ruteskildring

Start øvst i byggefeltet. Gå over marka langs gjerder og du finn ei grind der det er skilta mot Lisjedalen og Nordalen. Hugs å late att grinda etter deg! Stien vidare oppover er tydeleg og fin å gå. Er du heldig, ser du kanskje nokre padder. Når du nærmar deg sætra, er det eit flott utsiktspunkt der du ser utover Austefjorden. Det er verdt å stoppe litt her og nyte utsikta.

Tilkomst og parkering

Frå Volda: Køyr E39 (Kvivsvegen) omlag 17 km mot Stryn. Like før Fyrdsbergtunnelen tek du av mot Fyrde. Følg vegen til du kjem til Fyrdshaugen. Følg denne til endes. Det er plass til 2-3 bilar ved start. Alternativt kan du parkere ved Austefjord kyrkje. Det er om lag 400 meter til turstart frå denne parkeringsplassen.
Fottur
Blå
Stigning
358 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Høyeste punkt
377 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,8

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Stryn: frammr.no

Anna

Du finn ein tydeleg og godt merka sti til Fyrdsheida, der stien flatar ut mot Lisjedalssætra. Frå Lisjedalen er det fint å gå vidare til Nordalen.

Kart

Sunmørsalpane

Lenke til turskildring

Friluftsforeninga Volda - mandagstur
Køyreskildring
Print ut