English

Lidaveten frå Berknessida

Volda

Kort om turen

Lidaveten er eit av mange fjell på kring 5-600 m i Volda kommune. Desse høver godt som formiddags-, ettermiddags- eller familietur, Frå toppen av Lidaveten er det flott utsyn i mange retningar. Dei fleste startar turen til Lidaveten frå Eidheim. Denne ruta som er omtala her, går frå vest (Berkneset) og har etterkvart fått ein god sti. Eit flott alternativ til den vanlegaste ruta.

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen. Stien som er tydeleg og godt merka, går opp gjennom variert skog. På veg oppover passerer du to utsiktspunkt. Set deg gjerne på benkane og nyt utsikta (N62° 13.123' E5° 56.961' og N62° 13.149' 56.993'). Etterkvart kjem du ut av skogen og du har god utsikt medan du går vidare mot toppen. Det er jamn stigning. Like før toppen er det ei flate og noko myrlendt før siste kneike mot toppen. Flott utsikt på toppen og ein flott varde!

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda til Ørsta. På Egset tek du av på FV47, skilta m.a. mot Mork rehabiliteringssenter. Følg FV47 i omlag 11 km. Like etter ein skarp sving ser du ei garasje m.m. Her kan du parkere, og stien startar like ved parkeringsplassen. Køyrer du frå Ørsta, tek du av til FV47 like før Eiksundtunnelen. Køyr ca 4 km til du kjem til plassen der du kan parkere. Parkering ved eit anleggsområde/garasjeområde
Fottur
Blå
Lengde
4,1 km tur/retur
Stigning
565 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,1

Offentleg transport

Mange syklar rund Berkneset. Det kan vere ein fin tur å sykle til start for turen, gå turen på Lidaveten og så sykle vidare etterpå

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut