English

Lidaveten

Volda

Kort om turen

Denne toppen var eit viktig kommunikasjonsknutepunkt den tida vardebrenning var den mest effektive varslinga. På toppen er det ein flott varde.

Ruteskildring

Frå bommen følg skogsvegen i om lag 500 m. Ta av til høgre der vegen deler seg. Etter nye 600 m tek du av inn på stien. Stien er tydeleg mot nordvest langs den kuperte fjellryggen. Bratte parti før du passerer skoggrensa, like før toppen.

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du mot Ørsta. Ta av frå E39 ved Mork mot Berkneset (Berknesvegen). Etter 7 km, like før gamle Lid skule, tek du av opp Eidheimsvegen. Følg denne bratt oppover i 1 km til du kjem til ein parkeringsplass. Her startar turen. Parkeringsavgift 30 kr med Vipps (2020) Ved bomveg ved gateskilt Eidheimsvegen, der det også er merka skilt til Veten.
Fottur
Blå
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
458 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Høyeste punkt
589 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,2

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut