English

Lidahornet Rundtur 2

Vanylven

Kort om turen

Fin rundtur som tek 1,5-2 timar. "Tyskebryggja" er spennande for små og store.

Ruteskildring

Gå over demninga og stopp ved skiltet til Lidahornet. Dette er ein rundtur, og du kan gå begge vegar. Anten fylgjer du blå merking til høgre, eller du går til venstre ned på anleggsvegen, og fyl den.

Til høgre mot Lidahornet: Fyrste kilometeren går i myrlendt terreng med slakk stigning mot toppen. Når du kjem opp opnar det seg eit panorama mot vest. Du går langs toppen og kjem til "Tyskebryggja" eit svaberg som går utover, og gjev deg både sug i magen og fantastisk utsikt mot Sandvikvatnet nedanfor. Vidare i kupert terreng til du kjem til Lågeskaret. Så tilbake til Børevatnet på den gamle anleggsvegen.

Tilkomst og parkering

Bomveg frå Sørbrandal. Pris 40kr Turen startar frå parkeringsplassen ved Børevatnet. Ved Børevatnet.
Fottur
Blå
Lengde
5,98 km rundtur
Stigning
275 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Høyeste punkt
574 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4
Køyreskildring
Print ut