English

Liasetra

Ålesund

Kort om turen

Fin tur langs grusveg, passar godt for barnevogn og familiar på tur. Akslevollvatnet ligg vakkert til rett ved vegen. Når du kjem opp på Liasetra, er det ope kulturlandskap med god utsikt mot Sykkylvsfjella.

Rutebeskrivelse

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 moh. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken, med bord, benkar og bålplass. Turkasse med turbok finn du her ved Liahuken. Viss du held fram etter skogsvegen, vil du etter 8,5 km kome til Fjellstova på Ørskogfjellet. Turen er like fin viss du startar her ved Fjellstova og går ned til Brauta. Begge desse alternativa er populære både til fots, på sykkel og på ski.

Adkomst og parkering

Frå Brauta: Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Brauta i Solnørdalen
Fottur
Grønn
Lengde
1,48 km en vei
Stigning
50 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut