English

Lianibba

Stranda

Kort om turen

Ein skredsikker og flott tur som du kan gå både med randonee-/telemarkutstyr og med fjellski. På toppen er det fantastisk utsikt med kvite toppar overalt!

Ruteskildring

Start ved Tronstad ved ei busslomme. Gå over jordet og gjennom ei opning i granbeltet. Følg skilt til Tronstadsætra over ei bru. Ruta snor seg fint opp gjennom bjørkeskogen opp til Tronstadsætra, heile tida på høgre sida av elva. Frå sætra går du svakt til høgre og vidare bakover til Lianibba. Ruta gir seg sjølv. Truleg har nokon gått før deg så då kan du følge andre sine skispor. Det er ingen bratte parti før du nærmar deg toppen. Då får du eit par småkneiker. Her kan det nok av og til vere hardt og avblåst, men det er ikkje særleg luftig og det er greit å nå toppen. Vis varsemd på toppen, varden ligg heilt på kanten og du må vere obs på skavlar.Er føret bra, får du ei lang og fin nedkjøring! Tek du til venstre over elva ved Tronstadsætra kan du gå opp til Kvanngrønakken og Kårdalstindane. Det er også ein fin tur.

Tilkomst og parkering

Følg RV 60 mellom Hellesylt og Hornindal. Frå Hornindal: 4-5 km etter fylkesgrensa ligg Tronstad. Ved ein busstopp der det er ein garasje (ved Langedalsv. 772/774) startar turen. Her er det mulig å parkere. Viss det ikkje er plass her, må du finne ein annan høveleg plass. Nokre parkerer ved Ungdomshuset; ta av ca 150 m til venstre etter garasjen. Sjå "Køyrerute til startsted"
Skitur
Blå
Lengde
6,2 km en vei
Stigning
1183 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Offentleg transport

Buss mellom Stryn og Stranda frammr.no

Anna

Frå Lianibba kan du legge returen via Kårdalstindane ved å følge ryggen frå toppen av Lianibba mot Kårdalstindane. Viser du varsemd er dette eit greit alternativ for dei fleste.

Kart

norgeskart.no

Lenke til turskildring

Fjellforum - skitur til Lianibba
Køyreskildring
Print ut