English

Liahornet

Stranda

Kort om turen

Panoramautsikt over fjell og fjord i indre Storfjord.

Rutebeskrivelse

Startar på parkeringa til idrettsbana i Liabygda (Langemyra). Kryss den kommunale vegen og gå inn på traktorvegen langs marka nord for idrettsbana. Ta stien til venstre gjennom skogen etter ca 150 meter. Følg så stien ca 200 meter, til skogsvegen mot Liasetra. Følg skogsvegen til Liasetra. Ved øverste hytte tek ein merka sti nordover mot Liahornet. Etter ca 200 meter kjem ein ut av skogen, og følgjer så ryggane innover mot Liahornet.

Adkomst og parkering

200 meter aust for krysset til Liabygda fergekai, tek ein opp i bygda og følgjer bygdevegen forbi skulen, kyrkja, bryggeriet og barnehagen. Ta til venstre og så til høgre etter barnehagen. Følg Langemyrvegen austover mot Idrettsbana, der det er merka parkering. Parkering ved idrettsbana i Liabygda (Langemyra)
Fottur
Rød
Lengde
5 km en vei
Stigning
700 m
Tidsbruk
4 t. 15 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Kart

Turkart Stranda
Kjørebeskrivelse
Print ut