Ein variert tur på god, men til tider våt rås over myr. Du går gjennom skog, over små myrar og følgjer til slutt fjellet vestover med flott utsikt over Sjøholt sentrum og Ørskogvika. Går du her på ettermiddags/kveldstid, kan du i sommarmånadane ofte sjå turistskipa på tur ut Storfjorden frå Geiranger. Det høgste punktet ligg lengst vest på den langstrakte ryggen.
Turen går i starten gjennom furuskog og over små myrar med jamn stigning. Råsa er heile vegen tydeleg og når du nærmar deg skoggrensa, deler råsa seg, og du kan enten legge turen om den gamle arbeidsbrakka frå gruveanlegget (no ombygd til hytte og i privat eige), eller du kan halde fram rett vestover. Du er no ferdig med det meste av stigninga og kjem inn i Liafjellet naturreservat. Du held fram vestover fjellet på god rås og med flott utsikt, til det trigonometriske punktet.Liafjellet er ein langstrakt “topp” med myrar og berg og er eit turmål som også vert nytta av Skodjebygdarar, - som kallar fjellet Solnørfjellet. Eit anna namn er Liaveten, som fortel at det frå gamalt av har vore ein vete her, ein bålstad der det i tidlegare tider vart gjort opp eld for å varsle om ufred i landet. Frå toppen ser du Storfjorden med gardane på Ramstaddalen og Furstranda mot sør og vest. I sør og aust ser du Ørskogvika og deler av Sjøholt. I nordvest ligg Solnør og kommunesenteret Skodje. Lenger unna ser du i aust toppane på Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet og i nord ser du m.a. Frostadtinden.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 7,8 |