English

Langvatnet

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein tur som passar godt for nybegynnarar eller til ein joggetur for den som likar relativt flatt terreng. Det er også ei løype som passar perfekt for ein skravletur med gode venner, for her blir du ikkje meir andpusten enn at praten kan gå. Har du relativt små ungar, kan også dette vera eit godt alternativ for ein skogstur ein søndag. Når ein først har kome opp den første kneika, er det såpass flatt at dei mest kortbeinte kan sykle vidare innover, i alle fall om ein tek høgde for at sykkelen kan trillast nokre få, korte bakkar. Fer ein på varmaste sommaren, kan det også vera muleg å bade eller leike ved Heggsetelva som følgjer vegen eit stykke. Dette er ein tur med lite stigning- ein typisk skogstur. Det er derfor ikkje så mykje utsikt å skryte av på denne turen, men når ein er framme ved det vakre Langvatnet er dette gløymt, anten ein er på tur eller ute for å trene. Langvatnet

Rutebeskrivelse

Start ved riksvegen like ovanfor Berseten der ein skogsveg går oppover lia. Du passerer ein bom og går vidare etter vegen etter å ha passert denne. Følg same vegen til den deler seg. Da tek du til venstre. Herifrå er det ikkje langt til snuplassen ved Langvatnet. Det går ein ganske våt sti vidare langs vatnet, og denne kan du følgje vidare om du er på jakt etter ein høveleg rasteplass ved det idylliske vatnet.

Adkomst og parkering

Venstresving på riksvegen like ovanfor Berseten; ei sløyfe av gammelvegen ligg att i ytterkant og det går opp ein skogsveg der. Ved startpunkt. God plass til å parkere på gammelvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
8,2 km tur/retur
Stigning
115 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nettbuss har ruter forbi startpunktet, men dette er nok ein tur som lokalbefolkninga helst køyrer til.

Annet

Dersom du berre følgjer skogsvegen, kan du nøye deg med joggesko. Vil du fortsette vidare etter stien eller gå ned mot vatnet, er det ganske vått slik at tett fottøy er nødvendig.

Kart

Fjordruta
Kjørebeskrivelse
Print ut