English

Langevatnet

Stranda

Kort om turen

Dette er ein tur i forholdsvis lett terreng og på god sti. Ruta fyl grensa mellom Stranda og Sykkylven omtrent heile vegen. Det er start på omlag 550 m.o.h, så ein kjem raskt opp i høgda og får flott utsikt. Frå Langevatnet kan du gå vidare til Kleivdalsfjellet og Roaldshornet, eller returnere ned til parkeringsplassen.

Ruteskildring

Start på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Kryss vegen i austenden av parkeringsplassen og gå på utsida av autovernet eit kort stykke. Du kjem straks inn på stien. Det er god sti og god merking med vardar, og ruta har også skilting. Like før du kjem opp til Langevatnet kryssar du ei elv (N62° 17.866' E6° 47.091'). Her deler stien seg. Stien som går til venstre går til Myrdalsfjellet. Du skal følge stien rett fram/lett til høgre over elva og opp til Langevatnet.

Tilkomst og parkering

Start ved parkeringsplassen ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven. Kjem du frå Sykkylven ser du ein bra stor parkeringsplassen når du er ferdig med bakkane, like før ein skarp sving. Kjem du frå Stranda køyrer du 4 km forbi Strandafjellet skisenter, og du finn parkeringsplassen like etter ein skarp sving. Ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven er det god plass å parkere.
Fottur
Blå
Lengde
2 km en vei
Stigning
314 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
851 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Buss mellom Stranda og Sykkylven.
Køyreskildring
Print ut