English

Kyrnosa, rute 61

Vanylven

Kort om turen

Ein forholdsvis lettgått tur. Kyrnosa ligg på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og er eit flott utsiktspunkt. 

Ruteskildring

Ruta startar frå ”Skitnevika”, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Ein parkerer ved rasteplassen i sørenden av Bekslevatnet. Ved parkeringa er det skilt som viser retninga. Like etter start går ein mot venstre og litt bratt opp skaret. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Etter skaret går ein rett oppover før ein runder litt mot høgre. Ein passerer på nordsida av Navehornet og Mevatna og går over høgde 538. Der er det skilta stikryss mot Vaulsnipa. Ruta går vidare ned på vestsida av høgde 538 og deretter i litt sørlig retning før ein går mot vest og opp ryggen. Oppe frå ryggen ser ein topp-punktet.

Turen kan kombinerast med lengre turar, enten mot Gorgehornet/Tusentrinnstrappa/Skorge eller mot Vaulsnipa og gjerne vidare mot Nyken og Tusshornet. Bekslevatnet rett ved parkeringa er eit godt fiskevatn. Det same gjeld Mevatna i nærheten av ruta.

Tilkomst og parkering

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 7,3 km frå krysset på Åheim i sørenden av Bekslevatnet. Ein parkerar ved rasteplassen. Gratis og god parkering ved rutestart.
Fottur
Blå
Stigning
474 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
616 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut