English

Kyrkjetinden (Ørsta)

Ørsta

Kort om turen

Kyrketinden er nabotoppen til Saudehornet, men med betydeleg færre besøkande. Sjølv om det er ein sentrumsnær topp, kan du gå her i ro og fred, oftast åleine. Det er flott å gå inn Skytjedalen, og det er flott utsikt både på veg opp og på toppen. Ta gjerne ein avstikkar til "tuppen" som ligg til høgre.

Ruteskildring

Start på grusveg som tek av frå Fonnavegen. Følg denne omlag 100 m, ta av til høgre og gå inn på ein sti som går oppe på ein voll. Du kan også følge grusvegen til neste sving og gå inn på stien her (N62° 12.593' E6° 08.951'). Følg stien gjennom granskog. Tidlegare gjekk ein inne i skogen, men no har mykje av skogen blitt tatt ned, så no går ein i ope og fritt lende det meste av vegen. Like etter granskogen deler stien seg ved ein stein (480 moh - N62° 13.080' E6° 08.845'). Stien som går rett fram og er tydelegast går vidare til Vallahornet. Stien til Kyrkjetinden, som går til høgre, er litt mindre tydeleg, men grei å følge heile vegen inn Skytjedalen og til du kryssar elva. Herifår er han vanskelegare å finne. Ved eit vått felt/bregnefelt 730 moh (N62° 13.551' E6° 09.065') kryssar du dette feltet og går rett fram mot ein stein oppe på høgda. Ved denne steinen svingar stien svakt mot venstre i retning toppen. Her er nokre raudemerke og nokre vardar som du kan sjå etter. Finn du ikkje desse, må du berre sikte deg inn mot toppen og finne beste ruta. Det er ikkje problem å nå toppen sjølv om ein ikkje finn stien.

Tilkomst og parkering

Frå rundkøyringa i Ørsta sentrum, følg FV 655 mot Sæbø. Ta va til venstre rett etter kyrka og så første veg til høgre (Støylevegen). Følg denne til endes, ta til høgre og så til venstre opp Fonnavegen til denne svingar til venstre. Her går det ein grusveg til høgre som er stengd med bom. Her startar turen Det er plass til nokre bilar der turen startar
Fottur
Rød
Lengde
7,1 km tur/retur
Stigning
976 m
Tidsbruk
4 t. 15 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,1

Offentleg transport

Buss til Vallabøen (frammr.no). Ev gå/sykle

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut