English

Kvivsvatnet

Volda

Kort om turen

No kan ein køyre frå Kalvatn til Grodås på 6 minutt med bil i Kvivstunnelen. Men frå gamalt av nytta Austefjordingar og Honndølar stien over Kvivsskaret når dei skulle vitje kvarandre til arbeid eller fest. Turen opp til Kvivsvatnet er første del av den 6 km lange stien over Kvivsskaret, og det er denne som er omtalt her. 

Ruteskildring

Frå Kvivssetra held du deg på austsida av dyrkamarka innover dalen. Litt bratt opp Stigen, før det flatar ut mot Kvivsvatnet. Du har då nådd målet for denne turen.

Tilkomst og parkering

Frå det nye vegkrysset på Kalvatn tek du av mot Bjørke til Bueide. Derifrå på god jordbruksveg (bomveg) oppgjennom den raserte fjellsida til Kvivsdalssetra, der det til vanleg er full drift i gjeitefjøsen. Geitene er lite føreseielege, så pass på utstyret....
Fottur
Blå
Lengde
2,24 km en vei
Stigning
323 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Høyeste punkt
687 moh

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 4,8

Anna

Om du vil gå lenger går stien på sørsida av vatnet mellom svaknausar opp mot skaret.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut