English

Kvitegga (Ørsta)

Ørsta

Kort om turen

Kvitegga er høgste fjellet i Ørsta kommune (1691 moh ved toppvarden og ca 1710 moh på toppen av breen) og skituren dit er ein populær vårskitur. På turen til Kvitegga får du ei fantastisk utsikt til dei kringliggande toppane. Sjølv om Kvitegga ligg i Ørsta kommune har denne skituren start i Stranda kommune og nesten heile turen går i Stranda kommune. Ved å legge ei ganske bein linje opp er turen ca 6 km til toppen. GPS fila som ligg ved viser berre sporet opp. Vi greier å halde oss i område som er under 30 grader med unnatak av Brattbakken på kote 1300 som er 35 grader.

Ruteskildring

Frå parkering i Nibbedalen går du mot vest midt i Snødalen og siktar deg inn på Brattbakken som ligg mellom Kvanngrønibba og Blåfjellet. I starten er det ein fordel å følge sommarråsa eit stykke opp gjennom skogen då skogen er svært tett. Når du er komen oppom skogen, går du beint mot Brattbakken på kote 1300 og kryssar opp denne. Brattbakken er ein isbre med ei helling på 35 grader. Mykje av turen går på bre, og det kan vere bresprekker du må passe deg for. Utstyr for ferdsel på bré kan vere nødvendig. Når du er komen opp Brattbakken tek du sikte på topp 1587 og komen dit må du ned ca 20 hm før du svingar mot nord og går opp mot toppen. Pass på å ikkje gå for nær utpå kantane då der kan vere store utoverhengande skavlar. Nedkøyringa går etter same rute som opp, men vil nok verte litt lenger då dei fleste brukar meir av terrenget på nedturen.

Tilkomst og parkering

Frå vest Køyr E39 mot Stryn, når du er komen gjennom Kvivstunnelen tek du av til venstre på fv 60 mot Stranda og køyrer til Tryggestad (ca 4 km før Hellesylt) og tek av til venstre på fv 655 opp Nibbedalen og køyrer 1,4 km. Frå nord: Køyr fv 60 mot Stryn, når du er komen til Tryggestad (ca 4 km etter Hellesylt) tek du til høgre på fv 655 opp Nibbedalen og køyrer 1,4 km, då er der ein grusveg som går opp til venstre ca 200 m til eit grustak, parker her. Dersom vegen opp til grustaket ikkje er brøyta er einaste parkeringsmoglegheit ved fv 655. Dersom det er lite snø er vegen opp til grustaket åpen, då kan du parkere der. Dersom den vegen ikkje er brøyta må du prøve å parkere langs fv 655.
Skitur
Svart
Lengde
6 km en vei
Stigning
1450 m
Tidsbruk
5 t. 5 min.

Løype på kart

Val for kartet:

Kart

M711 1219 II og III, Sunnmørsalpane.
Køyreskildring
Print ut