English

Kurla

Stranda

Kort om turen

Mykje av turen går langs med Sunnylvsfjorden med godt utsyn, og en går forbi fleire kulturminner,Kurla er siste husmannsplassen som står langs Sunnylvsfjorden, den er no fullrestaurert av Storfjordens Venner. Ferdig restaurert i 2016. I tillegg går en forbi 2 andre husmannsplasser på vegen til Kurla, det er Bergane og Åseneset, i Jogarden står der ein bauta, der den fyrste kyrkja i Sunnylven stod. Endepunkt for turen er husmannsplassen Kurla, En går same vegen tilbake. (En kan eventuelt gå opp til gardane i Åsen og følge vegen derifrå og ned til Hellesylt stadion igjen, dette gjev ein fin rundtur om ein ønskjer å forlenge turen, denne turen er ikkje beskreven på kartet.)

Ruteskildring

Turen starter ve Hellesylt Stadion, følger så asfalter vei mot Sunnylvsbygda i ca 150 meter, en tek så til venstre og går mot dei to gardane i Jogarden, i krysset i tunet til dei to gardane tek en så til venstre og følger en grusveg til endes (gamle Shellkaia), her går turen over til tereng og litt sva vidre til Åseneset, når ein kjem til Åseneset er der eit kryss med fleire stier, en følger då merkinga som går til Kurlå.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Tilkomst og parkering

Turen starte ved Hellesylt stadion, her er god parkeringstilhøve. Ta til høgre (ved Formvac AS) med det same du kjem ned til Hellesylt sentrum og kjyør ca 300 m, du er no framme ved Hellesylt Stadion.. Dert er ikkje parkeringsavgift her. Hellesylt Stadion, ikkje parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
49 m
Tidsbruk
50 min.
Høyeste punkt
56 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 1,1

Offentleg transport

Ruter.no

Kart

Geiranger
Køyreskildring
Print ut