English

Kulturstien rundt Lepsøya

Haram

Kort om turen

Variert turopplevelse med kultur- og fornminne som krydder på vegen. Informasjonsplakatar og bokser med lokal lydguide der du høyrer om hendingar og historier frå gammalt. Rundt øya er der fleire holer, eller sjøhellarar, som kan vere vel verdt å sjå. Særleg Rønstadhellaren, men også Setshellaren (62.635221 N, 6.154949 E ) er flotte turmål i seg sjølv. Setshellaren er mørk, så her trengs lommelykt. Bryggja: flate svaberg med rosenrot i bergveggen og ope hav. ( 62.632728N, 6.127759E ) om lag halvvegs mellom Rønstad og Hellevik

Ruteskildring

Her følgjer ein ei godt merkt rås som aldri er langt frå havet. Underlaget er mykje svaberg og sti som kan vere sleip i regnvêr. Stykket mellom Rønstad og Rået kan vere litt krevjande på grunn av litt klyv på berga, men ein kan velje alternativ rås (Øvsteråsa) som er skilta frå Rået og Rønstad. Då gjeng ein glipp av Smalhans, men får til gjengled ei god utsikt utover rået med tonar til.

Tilkomst og parkering

Start anten frå Hellevik (62.633796 N, 6.167005 E) eller Rønstad (62.613225 N, 6.161336 E) Frå ferjekaia til Rønstad er det 6 km bilveg, og gode parkeringsmoglegheiter. Frå ferjekaia til Hellevik er det 4 km bilveg, men litt fleire bakkar, ikkje så gode parkeringsmoglegheiter. Rønstad: gode parkeringsmoglegheiter Hellevik: ikkje så gode parkeringsmoglegheiter

Fottur
Blå
Lengde
6 km en vei
Stigning
97 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
31 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 12

Anna

Denne turen vert i sleipaste laget ved minusgrader. Berga vert særs glatte når det er frost.

Kart

093 Vigra
Køyreskildring
Print ut