English

Kroken (Gamlevegen, Norddal)

Fjord

Kort om turen

Turen til Kroken går langs den gamle kjerrevegen frå bygda og opp til fjellgardane Gjæra, Hatlestad og Lillås. Før den nye bilvegen kom, var dette hovudvegen både til dei som budde på fjellgardane og for dei som skulle til Rellingsætra. I dag er kjerrevegen mest brukt til turgåing. Vegen er framleis open, men er grasdekt. Kroken er der vegen snur, om lag 1,5 km etter startpunktet. Vegen opp til Kroken går i eit fint beitelandskap og ein har utsikt til bygda store delar av vegen. På veg opp til Kroken går ein over nokre spanande elever, fine bruer og nokre steinar som er ypperlig for barna å klatre på. Turmålet er Kroken, der vegen snur.

Ruteskildring

Turen følg ein gamal, graskledd kjerreveg. Det er ingen vanskelige parti, men det er noko stigning. Underlaget er noko ujamt, så dersom ein er ustø til beins, kan eit par stavar vere til hjelp. Det er også fullt mogleg å sykle både opp og ned denne vegen, men ta hensyn til turgåarar og beitande dyr. Turen startar ved å gå gjennom ei grind like ved vegen. Vidare følg ein kjærrevegen oppover fjellsida opp til Kroken, der vegen snur 180 grader. Dersom ein vil gå vidare når ein kjem til Kroken, kan ein anten følgje vegen opp til Gjæra eller halda fram i sør-austleg retning, mot ei rås som fører opp til bilvegen. Då kan ein følgje bilvegen ned til bygda.

Tilkomst og parkering

Følg fylkesvegen innover langs fjorden frå Eidsdal til Norddal/Dalsbygda. Ta av på første veg til høgre oppover bygda, ved sidan av Petrines Gjestgiveri. Følg skilting til Dalsbygda barnehage/grendahus (gjennom eit gardstun). Ein kan parkere bilen ved Dalsbygda barnehage. Om lag 100 meter før parkeringsplassen finn ein ei grind ved sidan av bilvegen. Her startar turen.
Fottur
Grønn
Lengde
1,5 km en vei
Stigning
147 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Høst
Høyeste punkt
191 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3
Køyreskildring
Print ut