Dette er ein kort, men likevel ganske tøff tur. På dei 2, 2 kilometrane frå parkeringsplassen og opp til Kristiansvarden er det ei stigning på 600 høgdemeter. Dette er derfor ein tur du må beregne god tid til, men som har mykje å by på av flotte naturopplevelsar. Når du først er oppe, er det også relativt lett terreng viss du vil forlenge turen.
Frå parkeringsplassen går du berre nokre frå meter vidare og tek inn på stien som startar på venstre side av vegen. Følgj så merka sti opp mot Kristiansvarden.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,4 |