English

Kornbergveten

Volda

Kort om turen

Turen går langs austsida av Dalsfjorden og det er flott utsyn til fleire fjordarmar på Søre Sunnmøre. Det er også ein tur med forholdsvis lite stigning, og den passar difor for dei fleste.

Rutebeskrivelse

Start ved dyrkamark på Folkestadsætra. Følg vegen som går langs gjerdet og vidare skogsvegen til endes. Her finn du stien som går vidare, først over myrlendt område og så på tørt underlag på ryggen heile vegen til Kornbergveten. Det er også nokre myrparti mot slutten, men elles er stien tørr og fin. Undervegs er det eit par småtoppar som gir godt utsyn. På Galten (N62° 07.267' E5° 59.091') stoppar dei fleste for å la seg fotografere på steinen som stikk ut. Vis varsemd her, det er langt ned! Frå Galten ser du turmålet. Følg stien som går langs kanten. På Kornbergveten er der ei hytte som du kan nytte om du vil. Hugs å rydde etter deg og stenge gluggar og døra når du forlet hytta.

Adkomst og parkering

Like etter fergekaia på Folkestad tek du av til Lauvstad. Ved Coop tek du av til venstre, nesten 180° (Råsa). Følg vegen vidare, utan å ta av sidevegar, heile vegen til Folkestadsætra. Det er bomveg (personbil kr.30 i 2018). Ved eit stort dyrkafeltområde, før du kjem opp til hyttene, kan du parkere bilen. Pass på at du ikkje hindrar ferdsel. Parkering langs vegen ved dyrkamark
Fottur
Blå
Stigning
869 m
Tidsbruk
6 t. 55 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 8

Offentlig transport

Mange går frå fergekaia og til start

Annet

Du kan gå direkte til Galten frå sætrevegen. Sjå etter eit lite skilt ca 1 km etter bomstasjonen

Kart

Søre Sunnmøre
Kjørebeskrivelse
Print ut