English

Kolgrovtua - Øyranakken - rute 81

Vanylven

Kort om turen

Kort og grei utsiktstur der ein kjem til første utsiktspunktet på Øyranakken allereie etter 500 meter. Variert terreng med blandingsskog, open granskog og område med ope terreng. Nokre bratte parti, men ein tur som er veleigna som familietur. Sluttmålet og utsiktspunktet Kolgrovtua er utsiktsplatået til Storehornet som ligg rett bak.

Ruteskildring

Turen startar med eit kort stykke på innmark før ein går langs ein bekk i open granskog. Deretter går ein i gjengrodd beite før ein kjem til første turmål og utsiktspunkt på Øyranakken. Etter ein kort etappe der ein går gjennom relativt open granskog kjem ein igjen ut i ope terreng. Etter eit bratt parti i starten av det opne terrenget blir det etterkvart noko slakare opp mot toppen. I staden for å gå ned igjen til startpunket kan Kolgrovtua vere eit godt utgangspunkt for turar vidare til Sandnessætra i Sandnesdalen, eller til Vorakinna.

Tilkomst og parkering

Startar ca 100 meter frå den gamle Øyraskulen på Øyra på Eidså. Startpunktet er skilta og ruta er godt og tydeleg merka. Det går vanlegvis greitt å parkere nær gamleskulen på Øyra
Fottur
Grønn
Stigning
410 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
422 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut