English

Knyken

Surnadal

Kort om turen

Fjellet Honnstadknyken, også kalla berre Knyken, ragar 1071 meter over havet ved sentrum i Surnadal. Turen til Knyken er fjellturen alle surnadalingar tykkjer dei må ha med seg i løpet av livet, men vi kan love at den også vil vera ei oppleving for tilreisande. Den sentrumsnære fjelltoppen har vore eit populært turmål gjennom ei årrekkje, og stien er i dag både tilrettelagt og merka. Vi har gradert Knyken som ein «raud», relativt krevjande tur. Det er likevel ein grei tur å leggje ut på sjølv om ein ikkje er i superform. Tek ein dagen til hjelp, vil «Knyken» vera eit realistisk mål for dei fleste. Det er mykje stigning, men sidan turen er ganske lang, merkar ein ikkje så mykje til stigninga som ein skulle tru. Hjelmen er til dømes ein tøffare tur til tross for at den turen er kortare.

Rutebeskrivelse

Køyr opp vegen mot Skeisnebba hytteområde. Parker på parkeringsplassen under kraftlinja. I øverkant av parkeringsplassen startar den raude merkinga av Knykstien. Når du ca eit steinkast frå parkeringsplassen kjem inn på ein skogsveg, må du ta til høgre -inn på denne. Etter få meter tek du av til venstre frå skogsvegen igjen, går over ei klopp og oppover bakken der vegen vidare er skilta. Herifrå er det tydeleg sti fram til toppen.Alternative trasear: Vil du ha ein lengre tur, eller spare bompengane, kan du parkere nede ved riksvegen. Da går du opp til startpunktet ved parkeringsplassen. Viss du derimot vil korte ned litt på lengda, kan du køyre opp til enden av vegen og parkerte der på tilvist plass. Det er da skilta sti til Knyken frå den krappe venstresvingen før siste bakken opp til parkeringsplassen/vegenden.

Adkomst og parkering

Parkeringsplassen ved Skeisnebba hytteområde. Hugs bompengar, 50 kr for personbil! Alternative startpunkt: Nede ved riksvegen eller i enden av vegen til hyttefeltet. Dersom du startar nede ved riksvegen, kan du reise med Nettbuss fram til startpunktet. Open parkeringsplass for alle under kraftlinja på vegen opp til hyttefeltet. Alternativ: Nede ved riksvegen eller i enden av vegen til hyttefeltet.
Fottur
Rød
Lengde
13 km tur/retur
Stigning
800 m
Tidsbruk
5 t. 15 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Dersom du startar nede ved riksvegen, kan du reise med Nettbuss fram til startpunktet.

Annet

Det er lagt stein og klopper på mange av dei blautaste strekningane. Stien er skilta etter nasjonal standard.

Kart

Fjordruta
Kjørebeskrivelse
Print ut