Knottahornet er ein lett tur der du får ei flott utsikt når du kjem opp. Du ser Gursken, Haugsbygda, Sandsøya, Kvamsøya og fjella i Sande og i Vanylven. Knottahornet er eit lett turmål for ein rask kveldstur og då er det flott å få med seg solnedgangen. Gursken IL har trimpost på toppen.
Råsa byrjar ved parkeringsplassen på høgste punktet på Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp til kvilesteinen, når du kjem opp på kanten tek du til venstre over ei myr og bort til toppen. OBS. På dei fleste kart er Knottahornet avmerka på ein annan topp som ligg sør om det verkelege Knottahornet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,9 |