English

Kleivane

Ålesund

Kort om turen

Ein enkel tur på bratt bygdeveg. Du går i sørvendt kulturlandskap, før du kjem opp til garden Kleivane med utsikt over Storfjorden, Ørskogvika og Gausneset. Dette er ein tur du kan ta heile året. Garden Kleivane ligg på eit lite platå på sørvestenden av Liafjellet og gir utsikt mot bygdene på sørsida av Storfjorden. Dei største er Ramstaddalen og Søvika og litt lenger vest ser du også dei fråflytta gardane langs Furstranda.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved Europavegen og følgjer bygdevegen i svingar oppover til vegs ende. Frå snuplassen går det rås vidare vestover mot Tøssa. Turpostkassa med bok til å registrere seg i, finn du på ein furulegg 100 m. vest for siste tunet, langs råsa.

Adkomst og parkering

Køyr E 39 frå Sjøholt sentrum mot Ålesund i 3 km., til du kjem til ein garasje ved ei busslomme. Har du bil, parkerer du mellom busslomma og vegen mot Kleivane.
Fottur
Grønn
Lengde
2,4 km tur/retur
Stigning
110 m
Tidsbruk
55 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 2
Sti 0,2

Offentlig transport

Du kan ta Timeekspressen eller bussane som går mellom Sjøholt og Moa.

Annet

Frå Kleivane kan du halde fram på tydeleg, men våt rås til toppen av Liafjellet, meir om turen finn du i Ørskog Idrottslag si bok "På tur i Ørskog" Du kan også gå vestover på god rås. Etterkvart kjem du over på ein skogsveg som kjem ned til E 39 i Tøssasvingen. Sjå eigen tur:"Skogsvegen, Tøssa".

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut